Bana er opa 

Status pr. 5. april

Her kjem ein statusrapport frå Volda golfklubb pr. 5. april.

 2020 04 04 11.31.10

Bilda er tatt i går 4. april. Som de ser så er det dessverre veldig kvitt på bana og ein draum for dei som vil gå på ski i påska. For oss som ynskjer å spele golf så er ikkje dette så moro. No er det meldt "høge" temperaturar dei neste dagane så då er det å håpe at det ganske snart vert grønt.

 

Temperaturen i bakken er begynt å krype godt oppover og sist det var bart så vart omlag halvparten av greenane lufta. Når det no vert bart igjen så skal dei siste greenane luftast. Så skal vi så, dresse og gjødsle dei. Greenane vert ikkje opna før dette er gjort men vi håper at det vert bart ganske raskt og at vi kanskje skal få gjort dette i løpet av tirsdagen.

 

Vi kjem fortløpande til å legge ut meldingar då vi veit at mange går og ventar på å få seg ei golfrunde. Følg med på nettstaden vår for status. Det skal IKKJE spelast før det vert opna for det!

 

Ei foreløpig prognose om snøsmeltinga går som vi håper:

 

  • Måndag
    • Klargjering der vi kan og oppheng av plakatar o.l. 
  • Tysdag
    • Siste klargjering og forhåpentlegvis opning av bana med spel på vintergreenar.
    • Arbeid på greenane som nemnt over.
  • Onsdag
    • Arbeid som vi eventuelt ikkje vert ferdige med på tysdag.
  • Torsdag
    • Opning av bana

 

De skal vite at vi gjer alt vi kan for at vi skal få opna bana så raskt som det er forsvarleg.

Har du mulighet til å hjelpe så set vi pris på det. Det vi bl.a. treng hjelp til er:

 

  • Raking av bunkerane og innsamling av rakene.
  • Fjerne greiner o.l. som har blåst inn på bana i løpet av vinteren.
  • Rette opp stakar, m.m.

 

Vi forheld oss sjølvsagt til retningslinjene til Folkehelseinstituttet med avstand o.l. Desse oppgåvene kan gjerast med god avstand.

 
 2020 04 04 11.33.07
 2020 04 04 12.54.05
 2020 04 04 12.38.36

 Materiell om retningslinjer som vi har fått frå Norges golfforbund, m.m. er tatt ut og laminert og vert hengt opp så snart det går an å bevege seg utandørs utan å vade i snø.

 

Les meir om retningslinjene til Norges golfforbund ved å klikke her.

 

Det er viktig at de har lest desse og at de fylgjer desse når de kjem for å spele golf eller skal hjelpe til med dugnad.

 2020 04 04 17.17.49

 No er alle maskinene og tilbehør klart for ein ny sesong. Noko av det som har blitt gjort gjennom vinteren er dette:

 

  • Generelt vedlikehald av maskinene
  • Sliping av knivane på alle klippeaggregata (i tillegg til sliping til nokre av naboklubbane)
  • Sliping av knivane på roughklipparen
  • Skifte av lager og oppstramming der det har vore behov
  • Smøring
  • Skifte pakningar
  • Sveising av eksospotte
  • Skifte knivane m.m. på såmaskina
  • Sveising av luftemaskina og retting av tenner
  • Demontering, skifte av delar og montering av motor på klipparen som skal nyttast på teeane
  • Montering og tilpassing av klippeaggregat som vi har kjøpt på auksjon
  • Vedlikehaldslading av batteri
  • Rydding og vekkøyring av rusk
  • Og mykje meir.

 

I går vart dei siste klippeaggregata satt på, prøvekøyrt og det blei tatt ei siste finjustering. Ein stor takk til gjengen som trufast har arbeidd gjennom vinteren.

 

Då er det berre å vente på at graset skal gro!