Bana er stengt 

Godt nytt golfår

Då har er vi ferdige med 2019 og eg ser tilbake på ein god sesong for Volda golfklubb.
 

Vi er heldige som har så mange dyktige folk i klubben vår som er med å bidreg. Det er farleg å ramse opp arbeidsoppgåver då eg heilt sikkert ikkje får med alt som vert gjort men vi har folk som steller greenane, klipper fairwayane og rough, plukkar ballar på rangen, held kurs, er trenarar, arrangerer turneringar, held maskinparken i sving, sliper aggregata, snikrar, malar, vaskar og steller klubbhuset, og mykje, mykje meir. Eg vil rette ein stor takk til alle som bidreg både synleg og meir i det skjulte. Utan deg så hadde ikkje klubben vore den same. Eg håper at alle har lyst til å bidra igjen når sesongen 2020 startar og kanskje nokre nye også heng seg på i dei forskjellige gruppene. Det var fleire ungar som kjøpte seg golfsett i fjor og eg håper vi kan fortsette det gode arbeidet med denne gruppa. Kai Rune og Roy treng fleire vaksne som kan vere med å hjelpe til her.
 

Eg vil også rette ein stor takk til våre sponsorar som bidreg til klubben både økonomisk eller med varer og tenester. Bruk sponsorane våre!! Vi kjem til å prøve å få til ein klubbkveld om ikkje så lenge der vi inviterer til sosialt lag med mat og drikke der sponsorane kan få presentere seg for medlemmene. Det vert også presentert golfklede med klubblogo som det vert mogleg å bestille. Dato for klubbkvelden kjem vi attende til.
 

Det vert også årsmøte som vanleg om ikkje så alt for lenge.
 

Då er det berre å håpe på ein mild og god vinter og ein endå tidlegare sesongstart i 2020.
 

mvh
Olav