Finale Toyota Sunnmøre Matchplay cup

Det var to spente karar som stilde til årets siste match, sjølvaste finalen i Toyota Sunnmøre Matchplay cup 2019. Dei to som kom heilt til finalen var Jan Egil Gretland og Torstein Akslen Lianes.. Begge to har vist god form i haust og det var ein spennande match heilt til siste holet. Etter første ni hola var Jan Egil ein opp og det var det også etter hol 17. Jan Egil tok også siste holet og vant med to opp.

Bronsefinalen vart spelt samtidig med avslutningsturneringa for eit par veker sidan. Det var Per Kristian Langlo og Terje Kalvatn som spelte bronsefinalen. Her var det Per Kristian som vant og tok tredjeplassen.

Det vert premiar til dei fire første plassane frå Toyota Sunnmøre som har sponsa turneringa. Sjølve premieutdelinga skjer på årsmøtet på nyåret.

2019 10 26 10.57.37 2
Jan Egil Gretland (Vinnar) og Torstein Akslen Lianes
 
Toyota sunnmre matchplay cup