Klubbmeisterskap 2019

23 personar stilde til start på klubbmeisterskapet. Som vanleg så går klubbmeisterskapet over to dagar der ein speler 18 hol kvar dag.

Første dagen gjekk Lars Kåre Vikestrand på 71 slag og leia vaksen klassa med fire slag på Jan Egil Gretland og seks slag på Rune Gaarder og Torstein Akslen Lianes. I seniorklassa var det Rune Humberset som leia første dagen med  2 slag på Joar Voldsund. Mari Chluba stilde som einaste dame og gjekk første dagen på 83 slag. Kristoffer Trandal har vore einaste i juniorklassa dei siste åra. Denne helga starta han på folkehøgskule på Hamar og hadde ikkje mulighet til å stille. Det er godt å sjå at barnegolfen har fått nokre trufaste golfarar og det er ikkje lenge før desse er med i juniorklassa. I stableford klassa så var det Torstein Akslen Lianes som leda med 45 poeng  med Håvard Dalsbø rett bak.

På dag to så fortsatte Lars Kåre storspelet og gjekk på 70 slag som er banepar. Han sikra dermed sigeren i voksenklassa og kan også titulere seg som Klubbmeister 2019. Jan Egil gjekk også ei god runde på 72 slag og sikra med det andreplassen. Rune Gaarder kom på tredjeplass. I seniorklassa gjekk Joar andre dagen på 79 slag mot Rune Humberset sine 82 slag og dermed bytta dei plass på resultatlista.På tredjeplass etter Joar og Rune kom Petter Hansen..Mari gjekk andre dagen på 80 slag, tre slag betre enn første dagen. I stableford klassa så var det Håvard Dalsbø som gjekk av med sigeren med gode runder både laurdag og søndag. Torstein hadde ei god runde på søndagen men ikkje like god som dagen før og måtte sjå Håvard klatre forbi på resultatlista. Tredjeplassen i stableford klassa gjekk til klubbmeisteren Lars Kåre.

Premiane til vinnarane var gåvekort frå SkOlsen.

IMG 2549
Torstein Akslen Lianes, Rune Humberset, Håvard Dalsbø, Mari Chluba, Joar Voldsund, Lars Kåre Vikestrand (Klubbmeister), Jan Egil Gretland og Rune Gaarder.
 
Resultat VM voksen brutto
Resultat VM senior brutto
Resultat VM stableford