Terminliste 2019

Då er terminlista for 2019 lagt inn i kalenderen. Heile 40 turneringar (inklusiv Nordvest Touren) er fordelt frå 1. mai til 12. oktober. Opplegget er ganske likt fjoråret men med nokre små endringar. Det aller meste er spikra men det kan kome nokre justeringar.

Vi har tidlegare år hatt ei dugnadsturnering og opning av bana etter det. I år var det så fint ver at vi aldri fekk denne store dugnaden før vi opna bana. Det har vore gjort mykje godt arbeid over lengre tid der mange har bidratt og nokre har ikkje kome i gong med dugnadsarbeidet då det ikkje har vore tillyst ein stordugnad. Vi innbyr difor ALLE til opningsturnering onsdag 1. mai og turneringa er heilt GRATIS for ALLE.

Prisane på onsdagsturneringane (SkOlsen Tour og SkOlsen Scramble/m.m.) er uforandra frå tidlegare. For dei som er med på dei fleste turneringane så kan det løne seg å førehandsbetale for alle onsdagsturneringane (med unntak av Pink cup).

Nytt av året er gruppespel før sluttspelet på Toyota Sunnmøre Matchplay cupen. Det sikrar at alle får spele fleire matchar før ein vert utslått. Det vert "premiering" for alle som deltek og dei 4 øvste plassane vert premierte på årsmøtet med flotte premiar. Vi kjem attende med meir utfyllande informasjon om Toyota Sunnmøre Matchplay cup.

Webjørn kjem innan kort tid til å legge inn turneringane i Golfbox så meld dokke på.