Dugnad og opning av bana

Rune Strømmen har sjekka jordvarmen på greenane og er innstilt på å opne bana etter ein dugnad i morgon laurdag 6. april. Vi startar klokka 10 på laurdag og held på til bana er klar til opning. Dette kom nok litt brått på dei fleste men vi håper at nokre har tid til å møte. Dei som er på Facebook fikk denne meldinga seint i går kveld. Eg beklager at det ikkje vart lagt ut nettsida vår før no for dei som ikkje har Facebook.

Det vi vil ha gjort er:
Rake og plukke stein på hol 4 og 7. Fylle resten av grøfta hol 4. Fjerne jordhaugen der. Rake lett over alle greenar. Rake alle teear. Spesielt dei som har mykje lauv. Rake gjennom bunkrane og plukke ut stein. Are kjem med material på laurdagsmorgonen så då får vi kle resten på rangen. Det hadde også vore fint om vi fikk malt den. Det trengs også litt rydding rundt omkring.

Ta med ei fin plenrive til å rake teear og greenar. Til hol 4 og 7 treng ein spade, jernrive og gravse.

Det vert noko arbeid framover i neste veke med å sette opp skilta på utslaga, rydde litt skog, drenere, m.m. så har du lyst å bidra her også så tek du kontakt med Olav.

Vel møtt til dugnad!