Klubbmeisterskap 2018

Frå venstre klubbmeister stableford Harald Indresøvde, vinnar juniorklassa Kristoffer Trandal, lengste utslag Jan Egil Gretland, 3. plass herreklassa Rune Strømmen, klassevinnar herreklassa og klubbmeister Ole Magnus Orlien, nærast pinnen Kenneth Rusten og vinnar seniorklassa Joar Voldsund.
Frå venstre klubbmeister stableford Harald Indresøvde, vinnar juniorklassa Kristoffer Trandal, lengste utslag Jan Egil Gretland, 3. plass herreklassa Rune Strømmen, klassevinnar herreklassa og klubbmeister Ole Magnus Orlien, nærast pinnen Kenneth Rusten og vinnar seniorklassa Joar Voldsund.

Laurdag og søndag arrangerte Volda golfklubb den årlege klubbmeisterskapen på bana i Vassbotnen.

Speleforholda var ikkje dei beste vêrmessig. Bana var våt, men banemannskapet hadde gjort ein god jobb så bana var elles i svært god stand.

Klubbmeisterskapen er ei bruttoslagturnering som går over 2 dagar og ein spelar 18 hol begge dagane.

Etter ei utviding og dels ombygging av golfbana har klubben no 36 utslag fordelt på to 18-hols sløyfer. Med slike endringar vert også eksisterande banerekordar forelda.

Første dag av meisterskapen la eit godt grunnlag for ei spennande turnering. I herreklassa tok Morten Lothe leiinga med ei runde på 71 slag. Dette vart då også den gjeldande banerekorden på den nye bana. Eitt slag bak kom Ole Magnus Orlien. Etter fylgde Jan Egil Gretland, Rune Strømmen og Lars Kåre Vikestrand med høvesvis 77, 78 og 81 slag.

I seniorklassa, deltakarane over 50 år, var det delt leiing mellom Harald Indresøvde og Joar Voldsund med 85 slag. Idar Arne Rebbestad og Per Kristian Langlo kom likebak med 88 og 89 slag.

I juniorklassa leverte Kristoffer Trandal ei respektabel 77-runde.

Dag to gav like utfordringar spelemessig. Morten Lothe brukte 74 slag søndagen og 145 slag totalt og måtte sjå seg slått av Ole Magnus Orlien som leverte ei sterk runde og vart klubbmeister og vinnar i herreklassa med totalt 140 slag. Han sette også ny banerekord på 68 slag denne dagen. Tredjeplassen i herreklassa tok Rune Strømmen, eit solid comeback etter at han skada handa stygt tidlegare i år.

Kristoffer Trandal spelte søndagens nest beste runde med sine 70 slag. Totalt endte Trandal på 147 slag.

Seniorklassa vart vunne av Joar Voldsund, som også leverte ei god runde og forbetra seg med 4 slag frå laurdagen. Voldsund endte på 166 slag totalt. To slag bak kom Harald Indresøvde og på tredjeplass kom Per Kristian Langlo to slag bak der igjen.

Det vert også konkurrert i stablefordpoeng. I denne klassa sigra Harald Indresøvde etter solide runder både laurdag og søndag.

Tradisjonen tru vart det også konkurrert i «nærast flagget» på hol 7/16” der Kenneth Rusten kom nærast, 3,24 m frå holet. «Lengste utslag» på hol 9 vart vunne av Jan Egil Gretland.