Bana er stengt 

Vårspretten, Felleskjøpet Open

Glade og fornøgde vinnarar, f.v. Jan Egil Gretland, Petter Hansen, Harald Indresøvde, Kai Rune Bjørke, Jan Erik Myklebust, Jostein Digernes og Brodie Bramich.
Glade og fornøgde vinnarar, f.v. Jan Egil Gretland, Petter Hansen, Harald Indresøvde, Kai Rune Bjørke, Jan Erik Myklebust, Jostein Digernes og Brodie Bramich.
Etter ein hard vinter har sesongstarten på golfbana i Volda vore noko seinare enn tidlegare år. Søndag 20. mai stilte 25 spelelystne til start i årets første 18-holsturnering. Det har vore lagt ned ein formidabel innsats frå dugnadsgjengen for å få bana speleklar. Vinteren teken i betraktning er bana i svært god stand, sjølv om nokre greenar enno treng litt tid for å verte så god som vi er vande med. Sola skein, men den tidvis sterke vinden gjorde spelet litt meir utfordrande. Fellekjøpet stilte trufast opp som sponsor av turneringa, og det vart ein god og jamn kamp om pallplasseringane. Jan Erik Myklebust og Jostein Digernes spelte svært godt og kom inn med likt resultat. Jan Erik tok førsteplassen avgjort av HCP, med minst mogleg margin. På tredjeplass kom Brodie Bramich og på fjerde Jan Egil Gretland, alle med gode resultat så tidleg i sesongen.
Mandag 4. juni startar vi opp nytt golfkurs, ta med deg ein venn og meld deg på!