Hjarteleg takk for ein fin sesong

Ja, denne overskirifta er til alle dykk som har stått på for at Volda Golfklubb har kome so longt som dei har dette året. Engasjementet med den enkelte er rørande og idèane er monge på korleis vi kan bli betre. Etter at underteikna var til stades på Golftinget så kan eg konstantere at  vi på god veg til å bli den golfklubben Norges Golfforbund ynskjer at vi skal være. Vi har tenkt likt med det dei no foreslår det skal jobbast med i åra framover. Utviklinga av anlegg og klubb har hatt fokus. Tilrettelegging for dei ulike gruppene som vi har. Eg tenkjer då på nybegynnar-, dame- og juniorgruppe. Alle med eigne trenarar. Det er flott at vi som nugnadsklubb har slike personar som stiller opp og lærer i frå seg sin kunnskap. Maskinparken vår har blitt kompletert opp med 2 nye klipparar, Ein fairwayklippar og ein greenklippar. Folk har desverre ikkje stått i kø til å ta i eit tak for å hjelpe å slå bana, men desto større respekt og takk til dei som har gjort det. Utviklinga av bana har og er blitt merkbar no i det siste. Nye utslag tek til å ta form og i 2018 vil vi få ei bane med 18 ulike utslag for både damer og herrer. Banegruppa gjer ein kjempejobb og det er ei fryd å høyre på den muntre gjengen når idèmyldringa tek til. Drivingrangen har og hatt ei prioritering i år. Tak er i ferd med å kome på og vi åpnar 2018 med å stå tørt uansett veir på treningsfeltet. Klubbhuset er alltid gullande reint takka være damegruppa som syter for, ikkje berre at der er reint, men også for  at der er folk i kiosken ved ulike arrangement. Ros er alltid kjekt å få, så ta til dykk dette alle dykk som har bidrege til at sesongen har vore som den er. Det er dykkar fortjeneste. Tilbakemeldingane frå greenfeespelarar har vore utelukkande positive. GODT JOBBA!