Bana er opa 

Klubbmeisterskap 2017

På bildet: F.v. Lars Kåre Vikestrand, Kristoffer Trandal, Jan Egil Gretland, Joar Voldsund, Ole-Magnus Orlien, Jørn Sævik, Johan Liadal, Brodie Bramich, Bjørn-Arve Korsfur og Per Arve Hovde.
I helga som var stilte totalt 26 golfarar til start i årets klubbmeisterskap. 14 spelarar i herreklassa, 11 spelarar i seniorklassa og 1 juniorspelar. På tvers av klassene vert det kåra ein klubbmeister i brutto slagspel og ein i stablefordpoeng. Baneforholda i Vassbotnen var upåklagelege denne helga og det same var vêret. 
 
Etter endt spel laurdag var det svært jamnt i teten. I herreklassa gjekk Ole-Magnus Orlien på 71 slag, Webjørn Yksnøy Bergmann på 74 slag og Kenneth Rusten på 76 slag. I seniorklassa var det delt i leiinga mellom Johan Liadal og Per Arve Hovde, begge med 82 slag, føre Helge Eltvik med 88 slag. Kristoffer Trandal i juniorklassa gjekk på 72 slag. Det er fleire år sidan det har vore så tett i kampen om klubbmeisterskapstittelen. 
 
Søndag vart startlista sett opp etter resultatlista laurdag. Sist ut gjekk då Orlien, Trandal, Bergmann og Rusten. Orlien og Trandal låg lenge veldig jamt og etter 14 spelte hol skilte det berre to slag mellom dei to. Orlien viste storspel på slutten og Trandal måtte til slutt sjå seg slått. På plassane bak Orlien i herreklassa vart det store omrokkeringar frå laurdagen. Jan Egil Gretland, Lars Kåre Vikestrand og Rune Strømmen hoppa høgt opp på resultatlista. Vikestrand viste svært godt spel og kom inn på 69 slag, Strømmen med 72 og Gretland med 73. Sammenlagt vart det godt nok til at Lars Kåre Vikestrand tok andreplassen og Jan Egil Gretland tredjeplassen i herreklassa.
 
I seniorklassa viste Johan Liadal seg svært stabil og tok sigeren med ei ny 82-runde. Per Arve Hovde kom inn slaget bak med ei 83-runde. Joar Voldsund klatra opp til tredjeplassen med ei god runde på 79-slag.
 
I stablefordklassa tok Kristoffer Trandal sigeren med 3 poeng over par. Like bak kom Bjørn-Arve Korsfur 2 poeng over par og tredjeplassen tok Jørn Sævik på par.
 
Søndag vart det også konkurrert i "lengste utslag" og "nærmast flagget". 
Kristoffer Trandal kom nærmast flagget. På hol 7, ca 120 meter denne dagen, var Kristoffer berre 81cm i frå. Brodie Bramich hadde lengste utslag på hol 9, ca 265 meter.