SkOlsen to-kølle-turnering

19 deltakarar stilte til start på to-kølle-turneringa sist onsdag. Med to køller utanom putter i bagen vart dette dagen for både halvsving og kvartsving, slag dei fleste kanskje (tydelegvis) ikkje trenar mykje på. To deltakarar viste likevel at dei klarer seg godt med utplukka arsenal. Amund Yksnøy Bergmann og Joar Voldsund kom begge inn to slag under sitt par! Voldsund gjekk sigrande ut på grunn av lågare HCP. Desse to hadde likevel ikkje noko å stille opp med mot einaste deltakar i grønt kort-klassa. Oskar Vassbotn gjekk inn 10 slag under sitt par - ein svært god prestasjon.