SkOlsen Tour

Brodie Bramich, Harald Dalsbø og Johan Liadal.
Brodie Bramich, Harald Dalsbø og Johan Liadal.

SkOlsen 2 vart arrangert med 25 deltakarar sist onsdag. I teten vart det svært tett med Harald Dalsbø og Brodie Bramich på delt tredjeplass, 2 slag under par. På delt førsteplass kom Johan Liadal og Jan Trygve Gretland, 3 slag under par. Ein sterk prestasjon av alle fire. 

Komande onsdag er det SkOlsen to-kølle-turnering. Vi stiller til start med to valgfrie køller pluss putter. Undervegs er det lov med eit køllebytte om ein skulle ønske det. Velkomen til ei utfordrande turnering der resultatet ofte vert mykje betre enn ein trur på førehand!