Golfkurs 5. juni for deg som vil lære å spele golf

Vi er godt i gong med sesongen og monge tek kontakt med spørsmål om golfkurs. Vi er i skrivande stund midt i første kurset for i år der vi har 14 lærevillige og positive deltakarar. Neste kurs startar 5. juni. Så her er det berre å sende ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. og melde seg på. Kurset går over 4 kveldar der ein av kveldane vert teori. Etter endt kurs mottek du golfkortet som gjer at du kan spele golf over heile verda. Prisen på kurset er for voksen kr. 1500 og for junior kr. 600. Inkludert i dette er fritt spel på Volda Golfbane ut året. Velkommen skal du være til eit trivelegt miljø på ei flott golfbane.