TAK PÅ DRIVINGRANGEN

Endeleg er vi i gong med å få tak over drivingrangen. I løpet av kort tid vil gravearbeidet ta til og vi støyper sokkelen på den nye drivingrangen. Dette arbeidet vil ta ca 3 veker. Røysing av stålkonstruksjon og pålegging av tak vil då være neste steg og vi har som mål at dette arbeidet skal stå ferdig til 17.juni. Å få på taket over utslagsstadane på drivingrangen, vil gje oss ein mykje behaglegare kvardag å få trene på. Været vil vi då ikkje være avhengig av for å kunne trene på ein god måte.

Har du moglegheit til å hjelpe klubben i arbeidet så send ein mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. så kan prosjektgruppa organisere arbeidet når oppstarten kjem. Vi treng di arbeidskraft og du treng ikkje være verken ingeniør eller fagutdanna for å ta del i arbeidet. Dess fleire vi er dess fortare får vi ting gjort.