Bana er opa 

Ballar med Volda golfklubb og Sparebank 1 Søre Sunnmøre logo.

Ballar 1 dusin 3 dusin 
Callaway Supersoft 279 699 
Callaway E. R. C. Triple track 399  1.099
Callaway Chrome Soft  449  1.249
Titleist Trufeel  249  599
Titleist Velocity  279  699
 Titleist Tour Soft 379 1.049
 Titleist Pro V1 539  1.499 

Vi får inn farga ballar i løpet av hausten. Det er Supersoft i fargane gult, grønt og rosa.

 

 

 

24 deltakarar var med i kveldens turnering. Det var veldig mykje godt spel og om lag halve feltet gjekk på par eller betre. Ole Magnus Orlien har starta oppkøyringa til klubbmeisterskapet og gjekk ei fin runde på 32 slag. Med eit slag i fråtrekk så vart det -2 netto som holdt til siger. Peder Barstad og Arnfinn Strande gjekk også på -2 men har noko lågare handicap og vart dømt som nummer to og tre. I grøntkortklassa så var det Iben og Aksel, begge med etternamn Hansen som kjempa om sigeren. Iben gjekk på -2 og tok med det sigeren. Aksel gjekk også ei god runde og hamna på +1. 

 

2021 08 11 20.20.14

Ole Magnus Orlien (vinnar), Peder Barstad, Arnfinn Strande, Aksel Hansen og Iben Louise Hansen (vinnar GK)

 

Resultat SkOlsen Tour 8 2021

Resultat SkOlsen Tour 8 2021 GK

25 spelarar var med i kveldens SkOlsen Tour. Heile fire av dei var i grøntkkort klassa. Svein Aasen er i storform for tida og er vanskeleg å slå. I dag tok han sigeren på -4, foran Kristian Strand som også gjekk på -4 men med lågare handicap enn Svein. Olav Trandal tok tredjeplassen på -2. I grøntkort klassa så var det Anders Kalvatn som tok sigeren på -1 med Yngve Vadstein på andreplass med par.

 

2021 07 14 20.26.55

Olav Trandal, Svein Aasen (vinnar), Kristian Strand, Anders Kalvatn (vinnar GK) og Yngve Vadstein

 

Resultat SkOlsen Tour 6 2021

Resultat SkOlsen Tour 6 GK

Det spørs om det var vermeldingane eller utfordringa med å gå turnering med berre to køller som skremde nokre frå å delta i kveldens turnering. Men 13 av klubben sine tøffaste golfarar stilde til turnering med to køller og paraply i baggen. Turneringa starta i strålande solskin før himmelen opna seg og vi fekk ei skikkeleg austlandsregnbyge. Det gjekk heldigvis ikkje så lenge før sola kika fram igjen og regnvåte golfarar tørka opp igjen.  

 

80 åringen Svein Aasen slår knappast eit feilslag med 14 køller i baggen, og viste i kveld at det ikkje var noko problem med to køller i baggen heller. Han tok førsteplassen framfor Kristian Strand med lågare handicap. Begge gjekk på par. Rune Strømmen tok tredjeplassen med lågare handicap enn Jarle Nes som begge gjekk på +2. 

 

Det er veldig kjekt at vi får med grøntkort spelarar på onsdagsturneringane. I kveld var det med 3 stykker. Den som gjekk best og vart vinnar i grøntkortklassa, var Erik Mariuis Riise som gjekk på +4. Bak han var det Svein Sporsheim på +6 og Anders Kalvatn på +9.

 

SkOlsen logo

2021 07 07 21.48.06

Erik Marius Riise (vinnar GK), Kristian Strand, Rune Strømmen og Svein Aasen (vinnar)

 

Resultat SkOlsen to kølle 2021

Resultat SkOlsen to kølle GK 2021

2021 07 07 18.23.20

Ei heftig regnbyge med dropar "nesten" så store som golfballar. Rune puttar på green 3.

 

2021 07 07 20.22.44

Så skein det opp igjen og vart ein strålande kveld. Her frå hol 4.

 

2021 07 07 20.58.53

Svein Sporsheim puttar på green 7.

 

2021 07 07 21.24.17

Innspel på siste holet.

22 deltakarar spelte i strålande sommarver. Are Myklebust takla godt varmen og vant med -2. Johan Liadal kom på andreplass med -1. Heile sju stykker gjekk på par. Kristoffer Trandal hadde lågast handicap og tok med det tredjeplassen med Jan Egil Gretland og Petter Hansen bak seg.

 

2021 06 30 20.27.17

Petter Hansen, Kristoffer Trandal, Jan Egil Gretland og Are Mykleubst (vinnar)

 

Resultat SkOlsen Tour 5 2021

Med ei strøken bane og i strålande sommarver så var rammene bortimot perfekte for ei av årets storturneringar, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open 2021. Heile 43 deltakarar deltok i turneringa der flesteparten var frå Volda golfklubb, men vi hadde med 15 gjestespelarar frå andre klubbar. Sunnmøre golfklubb på Hareid var representert med 9 spelarar, Vanylven golfklubb med 2, Ålesund golfklubb med 2, Stranda golfklubb med 1 og Miklagard golf (Kløfta) med 1.

 

Det var konkurrert i brutto  og stableford i herre- og dameklasser. I tillegg var det premiert nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Det var også delt ut premiar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre som vart trekte frå startlista.

 

I dameklassa så var det Grete Eikrem frå Ålesund golfklubb som vant stableford på 31 poeng. Ho hadde også lengste utslaget frå raudt utslag på hol 18 av damene. Elsie Hansen frå Sunnmøre golfklubb kom på 2 plass og Mari Chluba frå Volda golfklubb på tredjeplass. I brutto så var lista snudd om. Mari tok førsteplassen med 89 slag foran Elsie på 90 og Grete på 94 slag.

 

I herreklassa så var det Peder Barstad som vant med 38 poeng. Joar Voldsund tok andreplassen og Harald Indresøvde tok tredjeplassen. Alle tre frå Volda golfklubb. I brutto så var det Per Bernt Aske frå Sunnmøre golfklubb som tok sigeren med 73 slag. Sveinar Øvrelid, også frå Sunnmøre golfklubb hadde like mange slag men vart dømt som nummer to på grunn av høgare handicap. På tredjeplass, på slaget bak, kom Lars Kåre Vikestrand frå Volda golfklubb. Sveinar fekk litt revansje på Per Bernt med lengste utslag frå gult på hol 18. Aage Eikrem hadde lengste utslag frå raudt av herrane. 

 

Are Myklebust var den som kom nærast holet på hol 7/16. På utslaget på hol 7 var han berre 43 cm frå holet.

 

2021 06 27 16.29.51

Elsie Hansen, Bjørn Arve Korsfur, Are Myklebust (Nærast holet), Peder Barstad (vinnar stableford, herreklassa), Joar Voldsund, Jostein Digernes, Lars Kåre Vikestrand, Sveinar Øvrelid (lengste utslag, gult), Mari Chluba (vinnar brutto, dameklassa) og Svein Aasen (lengste utslag, raudt herrar).

 

Resultat topp 5 Sparebank1 SS Open

 

Resultat Sparebank 1 SS Open Stableford

 

Resultat Sparebank 1 SS Open Stableford Damer

 

 

2021 06 27 16.19.36

Klar for premieutdeling.

 

2021 06 27 16.18.48

Premiebordet

 

2021 06 27 10.31.37

Sjefen!!

 

2021 06 27 12.01.57

Per Arve måler utslaget til Are på hol 7.

 

2021 06 27 10.43.39

Passiv og aktiv oppvarming før utslag.

 

2021 06 27 11.12.42

Nydeleg forhold. Her frå hol 4.

SkOlsen logo

 

På grunn av jonsokafta så vart SkOlsen par-3 turneringa flytta til torsdagskvelden. Det gjorde at den kolliderte med Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational på Hareid. Om det var grunnen til at det berre var 16 deltakarar på denne turneringa eller om det var det typiske midtsommarsveret med regn i lufta og skodde nesten i fjorden, er uvisst. 

 

Dei 16 som møtte hadde ei artig turnering der alle hola var gjort om til par-3 hol, med lengder frå 3 meter til 150 meter. Her var det lagt inn mange utfordringar der nærspelet måtte sitte. Den som takla nærspelet best denne kvelden var Dag Tore Hagen, fulgt av Helge Eltvik, Rune Strømmen og Are Myklebust. Det vart dessverre ikkje tatt bilde av vinnarane då arrangørane var for fokuserte på å rydde inn igjen etter turneringa. 

 

2021 06 24 18.36.16

Per Arve Hovde går for green på "utslaget" på hol 16 som er om lag 3 meter frå greenen. Her skal ein over mur på 1,5 meter med eit flopshot som kan vere utfordrande nok for dei fleste, men ikkje for denne karen.

 

Resultat SkOlsen par3 2021

I samarbeid med vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer vi til Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open, søndag 27. juni klokka 11. Det vert konkurert i Stableford og brutto i herreklasse, dameklasse og Stableford i GK-klasse. Det vert også premiar for lengste utslag på hol 18 og nærast holet på hol 7/16.

 

Turneringsavgift: kr. 200

 

Vi har tidlegare år hatt Sparebank 1 Søre Sunnmøre Invitational på hausten. Denne turneringa vil vi også ha i år, så den opne turneringa kjem i tillegg.

 

Turneringa vil bli lagt ut for påmelding i løpet av kort tid. De kan klikke her for å kome til turneringane til Volda golfklubb.

2019 06 07 17.44.11 2

 

 

 

 

Til tross for at vervarselet ikkje var av dei beste så var det heile 23 påmelde på onsdagens SkOlsen turnering. Veldig kjekt at stadig nye vert med på turneringane.

 

I herreklassa var det ikkje mykje å gjere med Per Arve Hovde som er virkeleg i siget. Han gjekk på -5. Nærast var Harald Indresøvde og Per Heltne på -2. I grøntkort-klassa så var det Eskil Vinjevoll Nes som vant på +2. Mest nøgd var Eskil med å slå kompisane som var eit slag bak.

 

 2021 06 16 20.33.10

Harald Indresøvde, Eskil Vinjevoll Nes (vinnar GK), Per Heltne og Per Arve Hovde (vinnar)

 

Resultat SkOlsen Tour 4 2021

Resultat SkOlsen Tour 4 GK 2021

16 deltakarar var med på Svein Aasen (80 år) si jubileumsturnering. Jubilanten var ikkje snauare enn at han i lag med Johan Liadal tok sigeren i si eiga turnering. I tillegg hadde han lengste utslag frå raudt. Desse to vaksne karane gjekk på heile -5. Rett bak kom brødrene Rusten med -4. På tredjeplass så var Helge Eltvik og Olav Trandal som gjekk på par. Jan Egil Gretland hadde lengste utslag frå gult. Per Arve Hovde hadde nærast holet på hol 7/16. 

 

I tillegg til premiane for plassering, lengste utslag og nærast pinnen så vart det trekt premiar blant alle påmelde. Tusenkunstnaren Johan Liadal hadde laga ein fin kniv som Jens Kristian Rusten vant og ei dreia treskål som Per Kristian Langlo vant. Per Arve Hovde og Kenneth Rusten vant også kvar sin premie.

 

2021 06 13 15.11.15

Per Arve Hovde (nærast holet) Helge Eltvik, Johan Liadal (på vinnarlaget), Jan Egil Gretland (lengste utslag frå gult), Jubilanten Svein Aasen (på vinnarlaget og lengste utslag frå raudt) Kenneth Rusten, Jens Kristian Rusten og Per Kristian Langlo. Olav Trandal var bak kameraet.

 

Resultat jubileumsturnering Svein